søndag 13. januar 2013

Blendebygg og gammalt strikk

Det er ikkje Soria Moria, men den nye høgskulen i Bergen. Aluminiumsdrakten er påmontert, men det spørs om planen var å blenda halve byen i den låge vintersola...!? :) Fascinerande å sjå på, var det i alle fall!

Elles har det blitt forferdelig lite strikking dei siste månadane, på grunn av ein trøblete betennelse i albogen. Kjedeligt altså. Men her er det sista som kom av pinnane før armen takka for seg; ein tevarmar! 


Mønster og garn er frå Stoff og stil. Litt hardt og lite elastisk garn å strikka med, men til slike dilleting går det greit! Og teen held seg varm og god;)

Elles kan eg jo visa eit lite utvalg av dei påbegynte/halvferdige prosjekta i strikkekorga. Bård Aslak fekk seg ein fin, halvstrikka genser til jul: Farmengenseren frå Rauma. Nå ventar me på betre dagar slik at den kan bli ferdig:)


Elles har me ein avslappande dag i Bergen. Begge to har jobba litt, så nå skal me slappa av resten av kvelden med kanskje film og kortspel. Det har vore voldsomt fint ver ute, men kaldt, så me held oss inne sidan begge både var på tur i går og småbryggar på forkjølelse...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar