lørdag 22. september 2012

Bratislava og strikk

Som de gjerne forståd i forrige postar har eg altså vore i Slovakia sin hovedstad Bratislava. Me har ein årleg tur med alle som jobbar i divisjon Vest i Sweco, dvs Bergen, Stavanger, Førde og Svalbard, men eg har ikkje vore med sidan det første året eg jobba der. Då var me i Brussel. Turen går til byar i Europa som ein vanlegvis ikkje reiser til når ein reiser på helgaturar, og det er veldig kjekt. 

I år var me faktisk 203 personar på tur, og det gjekk veldig bra! Litt mange blir det jo, det kan henda du ikkje ser kollegar som du veit er med, før den siste dagen. Men alt opplegget gjekk relativt knirkefritt.

Det var godt å komma seg vekk frå den kalde, sure hausten i Bergen, og til litt varmare temperaturar. Det låg vel på 20-25 grader der nede. Og Bratislava er definitivt ein by eg anbefaler å reisa til dersom ein vil ha ein avslappande ferie. Gamlebyen er veldig fin med godt vedlikehaldne bygningar. Det var ingen bilar der, og heller ikkje spesielt mykje folk, så det var veldig fredelig. 

Utanfor gamlebyen er det derimot ikkje så koselig, der dominerer store betongkolossar av boligblokker frå kommunisttida. Guidane våre la ikkje skjul på at dei var glade for at den tida var forbi. Til saman bur det ca. 460 000 innbyggarar i Bratislava, dei første innbyggarane slo seg ned i dette området i steinalderen. Det er den største byen i Slovakia. Bratislava ligg ved breddene til Donau og du kan ta elvebåt til Wien som det berre er 6 mil til. 

Her er eit bilde med utsikt over gamlebyen:

Gamlebyen. Tårnet i enden fungerte som vakttårn i gamle dagar. Dersom fiendane kom seg innanfor porten, vart dei skotne frå tårnet. 

Utsikt opp mot den gamle borga/slottet. Borga er først nevnt som forsvarsverk i skrifter frå 8-900-talet, først under regjeringstida til keiserinne Maria Teresia av Østerrike vart den omgjort til eit slott. Tida Maria Teresia styrte var ei storhetstid i området, ho var ganske populær. På midten av 1900-talet, då slottet låg i ruinar, vart det restaurert tilbake til slik det var under Maria Teresia. Slottet ligg eigentleg flott og fritt til på ein høgde over byen, men eg kom meg aldri i posisjon til å ta eit skikkeleg bilete.

Det er ein del artig gatekunst i Bratislava. 

Etter ein trivelig lørdagskveld med støyande, lokal musikk, tok me ein elvebåttur på Donau på søndagen. Her er me framme ved Devin Slott litt utanfor byen der me fekk servert grillmat og slappa av. På den andre sida av elva er Østerrike.

Her levde me i mellomalderen nokre timar. Som nevnt i forrige post, var maten ikkje noko å skryta av. Eg brukar ikkje å vera så kresen, men ei bakt potet og eit tørrt rundstykke tok eg med meg i magen her i frå. Dei kalde salatane og leverposteiane av ymse slag var godt besøkt av veps og flåger, mens det kokte kjøtet smaka harskt. Men me fekk fin middelaldermusikk med blant anna blokkfløyter og fiolin, ganske slik som dei spelar i Askepottfilmen. Dei hadde like kler også. Me kosa oss i sola. Og den slovakiske vinen var god.

Eit tårn på slottet. Her var det ein gong ei ung dama som tok sjølvmord ved å hoppa. Eg fekk ikkje med meg heile historien, men familien hennas hadde nett drepe han som ho var forlova med, så ho var litt fortvila for det. Det var harde tider den gongen.

Trine nyt utsikta frå slottet. Me ser langt innover i Østerrike. 

På mandagen var det faglige ekskursjonar, og eg var med på å sjå på restaurering av bygningar. Først vart me tekne med i Filharmonien i Bratislava. Der var det veldig fint: kvite vegger med gullkantar, flotte gipsdekorasjonar og lysakruner. Restaureringa kosta ca 30 millionar euro og var delvis sponsa av Norge gjennom eit EØS-program. Me skulle helsa hjerteleg heim og seia til alle me møtte at dei var veldig glade for bladgullet dei hadde fått råd til  på grunn av den norske donasjonen. Det var så lite, svara me høfleg.


Utsikt frå kontoret. Her låg det framme notehefter av Grieg og Salmesnuttar frå Luster. Tilfeldig? :) 

Det filharmoniske orkesteret i Bratislava dreiv og spelte inn lydopptak medan me var der. Dei spela ein song spesielt for oss. Det var veldig flott.

Me fekk også ein omvisning på Bratislava Slott. 

Slottet skal etter kvart brukast som museum, men me fekk komma inn i dei delene som "vanlige" folk ikkje får komma inn i sidan romma vert brukt til offisiell representasjon. Her var det også mykje bladgull: 

Elles hadde me ein strikkekveld på fredag, då vart eg ferdig med denne halsen. Mønsteret heiter Grace Jones hals og er frå Pickles. Garnet er også derifrå. Den blir god å ha til vinteren.

Eg har også endeleg blokka ei teppe/sjal som eg laga i vår. Mønsteret har gått  som ein farsott i strikkeverden, og sjølv om eg ikkje hadde noko spesielt formål med det, så måtte eg berre laga det:) Det heiter Marys Royale Svøb og mønsteret finn du på Familiejournalen. Det er strikka i silkeull frå Nøstebarn, og først lagar ein firkanten i midten. Deretter strikkar ein dei breie blondene ut i frå firkanten i fire omgangar. Tilslutt strikkar ein opp blonda rundt heile sjalet. Ganske kjekt å laga, men vart litt lei av blonda på slutten...  Eg lurer på om eg skal ha det sjølv, for eksempel når det er kaldt når eg går med bunaden... Me får sjå! 
Dersom du vil laga ein litt annan variant, ligg også denne oppskrifta ute frå 123knit.com.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar