onsdag 13. november 2013

Jakke med holmønster

Har nett sydd i knappane i denne vesle jakka:
Denne skal Sigrid til Inger Marie få.
 
Mønsteret er frå Babystrik på pinde 3 av Lene Holme Samsøe og er veldig fint. Med garnet Fin Alpakka frå DSA vridde mønsteret seg heile tida mot venstre. Det benka seg litt når eg sydde jakka saman, men den er ennå litt skeiv. Håpar det går an å bruka den likevel. Og det burde kanskje vore kvite knappar, men for ein liten unge er det litt festlegare med raude hjerter og blå blomar;-)
 
Jakka er strikka i størrelse 2 år, men den vart nesten like stor som islenderen til broren i størrelse 4. Så det er noko som ikkje stemmer heilt:)

søndag 10. november 2013

Islender

Ein liten islender vart ferdig for litt sidan!
 

Denne skal guten til Inger Marie få. Eg såg mønsteret i Knit for Your kid av Susie Hauman og fekk veldig lyst til å laga den. Då vart Vegard den heldige utkåra!! Det er brukt dobbelt Shetland Soft frå Malsen og mor. Det var mykje å halda styr på fire nøster, så pusta letta ut når eg var ferdig med mønsteret:) Størrelsen er fire år, men tru kanskje den er blitt litt mindre...!

torsdag 7. november 2013

Ballongbukse

Ein etterlevning frå sommaren er endeleg klar: ballongbuksa til ein liten babygut:
Mønsteret er frå heftet All you knit is love av Susie Hauman. Eit veldig kjekt hefte!
 
Mønsteret er ikkje skikkeleg fletting, sjølv om det ser slik ut. I staden for å fletta strikka ein tre vrang saman, noko som faktisk var litt putle. Neste gong eg lagar denne, vil eg bruka eit anna mønster i stripene.
 
Garnet eg brukte var Shetland Soft frå Malsen og Mor. Eit garn som finst i eit utal flotte, melerte fargar. Eg er fan av dette garnet. Men det er litt spinneoljerester i det som gjer tråden litt hard og treg å strikka med. Men då eg vaska buksa heilt til slutt vart den mjuk og god! :)

Til slutt; ein liten film om strikking. Den er laga av Laura Neuvonen.
Sjølv om det er kjekt å strikka er det lurt å gi seg i tide!!

søndag 3. november 2013

Farmengenser

Nå er endelig julapresangen frå i fjor ferdig:)
Ein vond arm og hardt garn på litt tynne pinnar får skulda for at det har teke så lang tid... Men mottakaren er nøgd, sjølv om han har venta lenge. Mønster og garn er frå Rauma/Husfliden. Halsen rullar nok ikkje så fint som den skal, eg brukte ein "elastisk" måte å fella av på som gjorde den litt kranglevoren... men nå tenker eg å ta siste runde opp igjen og fella av på nytt på vanleg vis.

lørdag 5. oktober 2013

Haust og hanskar


Etter dagevis med sol og haustfargar har må nå gått over i dei grå haustdagane i Bergen. Dagen skal brukast til inneaktiviteter med god samvittighet, blant anna saftkoking og baking. Men først: loppemarked og ein tur til stoff og stil! :-)

Så ein etterlevning frå sommaren: Janne og eg strikka selbuhanskar til Trine og Jan Eirik sitt bryllup. Her er herrehanskane som eg laga. Putlearbeid med pinne nr. 2 og finull gammalserie frå Rauma... men varme og gode til vinteren blir dei;-)

tirsdag 1. oktober 2013

Sommaren er over

Ja, nå er sommaren over, og eg tok visst ferie både frå jobb og blogg! Det vart ein lang sommar i år, med heile 6 veker ferie. Så ferien må nok oppsummerast over fleire innlegg både i aktiviteter og handarbeid;)

Me hadde oss nokre turar, først til Trondheim i juni:
Me rusla rundt på gamle tomter; NTNU, Festningen, Marinen og me tok til og med trikken opp i Bymarka! Turistar...! Elles vart det nokre turar til Skarfoss og hytta før eg reiste til Spania med familien. Der levde me strandlivet og tok ein del fine kjøreturar, til Cartagena, La Manga, Alicante og Guadalest:


Vel heime fekk eg endeleg overrekt eit sjal som forsinka bursdagspresant til Tante Signe:

Mønsteret er Henslowe frå Ravelry og garnet er eit slags Isager- og nøstebarngarn...!

onsdag 19. juni 2013

All about love-sjal

Nå har mottakaren endeleg fått ein forsinka 30-årspresang, eit sjal med garn frå PurlSoho i New York. Garnet var litt stretchy, og trekte seg saman, så sjalet måtte rekkast opp og strikkast på nytt med fire ekstra rapportar. Så det er grundig strikka.


Mønsteret er gratis frå Ravelry og heiter "All about love".